Michael Krumins og Gard Nergaard

  Marit Gjertsen
  15. september 2017
  13:30

Velkommen til konsert og plateslipp i Kultursalen på Prestegården torsdag 23. november kl.19.00.

Duoen Gard Nergaard / Michael Krumins samlar to ustyrlege virtuosar i den kreative vidareføringa av folkemusikken. Komposisjonane til Nergaard er høgtsvevande og grensesprengande, men har klare røter i folkemusikktradisjonen han kjem frå i Vest-Agder. Michael Krumins har eit uvanleg musikalsk overskot og frilynne og er kjent som ein av dei mest karismatiske og solide gitaristane vi har. Når dei to møtest på scena, er det i eit gnistrande samspel med glimt i auget, vel vitande om at kva som helst kan hende!
 
Musikken blir pakka inn eit univers av mytar og historier så du skulle tru at både spøkelse og fanden sjølv kunne finne på å dukke opp!
 
Eit album frå dei to (musikarane altså, ikkje spøkelsa og fanden) er like om hjørnet, så her er det berre å henge med i svingane.




Bygdemuseum på flyttefot

Bygdemuseum på flyttefot med Frans-Arne Hedlund Stylegar. Historien om hvordan et gammelt våningshus fra Leire ble bygdemuseum på Lunde, og om de nye planene for å flytte huset for andre gang. Litt om huset, hvem som har bodd i det – og når det ble bygd. Den 8. mars kl. 19-17 i kafeen på Søgne gamle prestegård.

Prestegårdsfestivalen

Velkommen til enn helt ny festival på Søgne gamle prestegård fredag og lørdag 9og 10 mars. Stemningen smyger seg inn på fredagskvelden med disse habile musikanter: Olav Grendstad med band, Keeperliv med Bjarne, Jan Engervik, Hovland og Stokkeland. Lørdag får vi litt mer futt mellom veggene med Tove Bøygard, Ine Repstad med band ogTrond Granlund. HOLD AV HELE HELGEN!!




Publiseringsløsning levert av UENO